Ny ordre på utstyrspakke for Sletta Verft AS

P1020937-60t for Fitjar24. November 2015
MBH har signert ordre om levering av utstyrspakke, inkl ein 60 tonns ankerhandteringsvinsj med slepekrok, for bnr. 155 ved Sletta Verft AS.

60-tonns vinsjen blir levert med nødfrislepp, hivekraftmåling og hivekraftbegrensning i samsvar med nye forskrifter frå Sjøfartsdirektoratet.

 

Hivekraftbegrensninga fungerer slik at når operatøren punchar inn bruddlasta på det aktuelle tauget så vil vinsjen automatisk begrense maximal hivekraft til 40% av bruddlasta, slik som forskrifta krev.

I tillegg til vinsjen skal det leverast:
– pumpepakke
– 2 stk 120 HK sidepropellar
– 2 stk 3,0 t capstanar med sokkel, fotpedal og nødstopp

Vi takkar så mykje for ordren!