21. desember 2021
Sletta Verft bestiller MBH utstyrspakkar for bnr 193, 199 og 201 for FSV
Alle tre fartya skal ha:
Elektrisk hovedvinsj. Hovedvinsjen har denne gongen elektrisk drift frå energieffektive PM-motorar og er klargjort for drift frå frekvensomformar og gjenvinning av regenerativ effekt ved låring av last. Dette kan f.eks brukast til å lade batteri i staden for å svi av energien i ein bremsemotstand. Ved 200kW tilgjengelig er max trekk-kraft 40 tonn og max hivefart 150 m/min (ikkje samtidig). Som vanlig, og i samsvar med myndigheitskrav, er vinsjen utstyrt med nødfrislepp som også fungerer ved eventuelt daudt skip. Strekkmåling og panel for hiverkraft-begrensning i samsvar med myndigheitskrav og innlagt bruddlast på taug i bruk.
Alt utstyr bortsett frå ankervinsj og capstanar er elaktivert for fjernstyring frå panel. SH1, styrepinnar og haikjeft kan i tillegg kjørast ned ved daudt skip i samsvar med myndigheitskrav.
E-HPU har elektronisk LS-basert regulering av turtal på elmotor slik at den ikkje går med høgre turtal enn nødvendig. Dette gir betre energieffektivitet og i tillegg vesentlig redusert støy i dei situasjonar der fullt turtal ikkje er nødvendig.
.
Bnr 191 og 192 skal ha same utstyr. Bestilt på juni. Samla har vi med dette ein skjeldan stor ordrereserve mot Sletta Verft åleine, og vi takkar så mykje for tilliten.