Som dei fleste bedrifter som har eksistert ei stund har også verksemda vår i Mjosundet vore gjennom fleire tydelege fasar rekna frå den speie oppstarten. Desse kan kjennast att gjennom ulike milepælar i organisasjon og leiarskap, produksjon, produksjonsmetodar, investingstrinn, nye produkt og marknader.
I kortform, med nesten all vekt på produkt (eigne investeringar i eiga liste):
I alt blir det bygd ca 60 båtar etter denne byggemåten ved Mjosundet Båtbyggeri AL, mange fleire om ein reknar med lisensproduksjon ved andre båtbyggeri.
1960. Inge Ås tek over som dagleg leiar. Båtbyggeriet blir aksjelag.
Tidleg -60-tal.
Glasfiberarmert plast blir teke i bruk til støyping av styrhusfrontar, produksjon av bakkedekk, plastlegging av lasterom i trebåtar mm. Det blir opparbeidd ein god kompetanse på arbeid med glasfiberarmert plast.
Tidleg 1970-tal:
Sjøvassbestandig aluminium blir introdusert som strategisk valg av nytt materiale.
Medeigar Kolbjørn Ås m.fl. lærer seg å sveise alu og han bygger eigen båt privat.
Båten i god stand og dagleg bruk enno i 2015 – no med hydrafoilar!
Sjøvassbestandig aluminium blir i første omgang brukt til overbygg, gelender, tankar og liknande, men ganske raskt til mastrer, laste/losse riggar, lettbåtgalgar og trålgalgar
1975. Første trebåt med alu dekk. Bygg 91 – «Vevang Junior» -51 fot.
Konstruksjon og spesiell innfesting til treskrog godkjent av DnV.
Det bli laga i alt 21 trebåtar med alu dekk og overbygg.
1977. Første snurpvinsj i alu. Levert på bnr 94 – «Johnsen Senior»
I etterkant vart det utvikla og levert ein masse snurp- og trålvinsjar i aluminium.
Dekksarrangement m/wireblekker, snurp- og trålgalgar også i alu.
1979. Første reine alu.båt levert. Bygg 103 – «Fredrikson» -12,5 m
1982. Første frekvensstyrte rulledempingstank.
Levert på bnr 112 – «Skulbaren»-82 fot.
1982. Siste trebåt (alu dekk) levert. Bygg 114 – «Flora» – 53 fot.
1985. Første ankervinsj i alu med DnV godkjenning.
Vinsjen godkjent etter praktisk test da Dnv ikkje ville prøve å kontrollrekne.
Levert på bnr 115 – «Jamo Junior»
1986. Første knekkarmskran i alu. levert. Eige design, konstr og prod.
Kontrollrekna av SINTEF. Levert på bnr 116 – «Fredrikson».
1990. Kontrakt med Sjøforsvaret. Dekksutstyr for 9 stk norske mineryddingsfarty.
Kontrakten går over 5 år og løftar verksemda vesentleg.
1990. Første sidepropellanlegg utvikla og montert i bnr 126 og 127. 2 stk i kvar båt.
Propellane vart utvikla for å kome ut av ei forferdeleg knipe med alt for dårleg funksjon på leverte propellar frå ekstern forhandlar. Forhandlaren finst ikkje meir.
Tilsaman har vi no pr juli 2015 levert i alt ca 500 sidepropellar; ofte fleire i same anlegg/båt.
1990. Første katamaran oppdrettsbåt levert. Bnr 128 – «Møllen» – 12,5 meter.
Til saman er det bygd 17 katamaran oppdrettsbåtar meir eller mindre over same lest.
1991. Første og einaste katamaran passasjerbåt levert. Bnr 129 – «Frøyfart»
Mjosundet Båtbygger A/L konkurs. Vidare drift i nytt firma. Same eigarar.
Teknisk blir båten ein suksess.
1998. Største fiskebåt i alu levert. Bnr 138 – «Kingsholm» -24 meter.
2000-talet
Prega av at tida med bygging av større (over 15 m) fiskebåtar er over, og utstyrsproduksjonen som blir stadig meir dominerande med utvikling av nye produkt og marknader som spesialvinsjar for seismikk arbeidsbåtar, offshore-kraner for PGS (også seismikk), utstyr for passasjerbåtar og oppdrettsbåtar og mykje anna.
Vinsjar for fiskeri i relativ tilbakegang.
2009. Foreløpig siste båt levert. Bnr 158 – «Blåmyra» – 10,67 m, for Roar Holmen.
2010 . . . . . . dags dato:
All verksemd og produktutvikling konsentrert om maritimt skipsutstyr.
Mange nye produkt utvikla og mange vidareutvikla:
Frå spesiallaga handvinsjar til avansert LARS for inspeksjons-ROV på +2000m,
frå kabelsykkel (heilt nytt) til ankerhandteringsvinsjar 20, 40 , 60 og 80 tonn for servicefary i oppdrett.
Dei siste 15 åra er mindre vektlagt både ut frå at det tek tid før det utkrystalliserer seg kva som vert meir eller mindre viktig, og fordi forfattaren ikkje har den nødvendige distansen.
Investeringar og anlegg
Ein eller anna sa ein gong, «Kan du forstå at alle båtbyggeri er bygd imot ein hammar?». Godt spørsmål, for det kan nesten sjå ut til å stemme.
Svaret er truleg at han som starta opp for å spe på inntekta med eit talent for båt og handtverk tok i bruk eit området som ikkje var brukande til noko anna.
Utsprenging av tomter og utfylling utover sjø er derfor ein gjengangar, også hos oss.
Ca 1950. Arealutviding. «Muren til Albert» Ca 100 m tørrmur mot sjøen lagt opp for hand av Albert Hyttnes.
1963. Lokal orkan. Båthuset (byggehallen) bles ned. Skade på nybygg.
Nytt båthus i etterkant. Noverande attaste del.
Bygd med eigne krefter. Det nyetablerte Naturskadefondet ga akkurat den minimums hjelpa som trongst for å kome vidare.
Ca 1978 Utsprenging av ny verkstad-tomt og utviding av areal på SB side av rep.slipen og i bukta framom ny verkstadtomt, mellom rep.slip og bedding/båthus.
Rep.slip forbetra med vesentleg forsterkning av sliskar og slede. Kan ta båtar inntil
120 fots lengde, men ikkje med dagens deplasement på fiskebåtar i den lengda.
Nytt maskineringsverksted med plateverkstad (aluloft) over, bygd inntil attaste del av byggehall.
Forlenging av byggehall med snikkarverkstad over. Byggehallen (båthuset) er etter
dette over 60 meter lang. Kranbane for traverskran forlengt.
Forbetring av veg ned på anlegget.
Riving av gammel verkstad og smie.
Div brukte dreiebenkar innkjøpt i etterkant, mellom anna 1 stk Colombo dreibenk med
sving på inntil 1200 mm.
Første fresemaskin innkjøpt. Koneisto, med ilmatingsbord og deleskive mm.
Freselengde 800 mm.
2 stk Piner kraner (godt brukt) innkjøpt. Den eine montert på skinnegang mellom utrustningskai og rep.slip. Den andre fastmontert delvis på tomta etter gammel smie.
Begge seinare utskifta.
1983. Bygging av patentslip for båtar inntil 100 fot. Hydrauliske støtter. Stor brukt trålvinsj innkjøpt, ombygd til el.drift og montert som felles slipvinsj.
1991. Første arbeidsstasjon for AutoCad. Den gongen ei vesentleg investering.
Heilt nødvendig for å handtere kontrakten med Sjøforsvaret/Kværner.
For å betjene denne måtte det også tilsettast ein ny teknisk teiknar.
Ca 1993. Begge Pinerkranene utskifta med ei skinnegåande tårnkran.
Ny, forsterka kranbane bygd.
1998. Riving av trelager, sag og høvleri.
1999. Investering i ny monteringsverkstad med hydraulikkavdeling og med nye sosiale rom; garderobe og kantine over.
2007. Første CNC dreiebenk innkjøpt. God investering.
2007. Nytt sveise- & monteringsverksted etablert i fremre del av byggehall.
2009. Fast tårnkran montert: 40 m, 12 tonn. Gammel kran og skinnegang fjerna.
Nytt, kraftig testfundament for vinsjar og kraner nedstøypt ved sida av.
2010. 3D – Autocad Inventor teke i bruk. Nesten alt blir no teikna i 3D.
ANSYS analyseverkty teke i bruk.
2012. Investering i CNC bedfres med Fanuc styring.
Total omarrangering av maskineringsverkstad nødvendig.
Utløysande for kapasitet og kvalitet i utstyrsproduksjonen.
2014. CNC fres #2 innkjøpt. Til opplæring og supplement til den store bedfresen.
2015. Ny testrigg for større vinsjar under utvikling.