Redningsutstyr

Farty over 24 meter skal ha Mann Over Bord (MOB) båt tilgjengeleg for omgåande utsetting.
Dette krev at MOB-båten til ei kvar tid er tilkobla eit godkjent utsettingsarrangement.

I samsvar med SOLAS/SD regelverk leverer vi
 * MOB båt kraner
 * MOB båt davitar
for MOB-båtar med totalvekt frå 1000 kg til 2,5 tonn.

Kva som er best eigna av davit og kran er avhengig av arrangemetsmessige forhold ombord i den enkete båten.

Utstyret er prosusert i sjøvassbestandig aluminium og rustfritt stål; lågt vedlikehald og ca halv vekt i forhold til konkurrerande utstyr. Dette er utstyr som ofte blir plassert høgt oppe på båten; da kjem den låge vekta ekstra godt med.

Utstyret blir levert heilt komplett med nødvendig akkumulatorkapasitet og gjerne også med elektrohydraulisk aggregat tilbassa behovet. I samsvar med SOLAS regelverk er utstyret kjenneteikna ved at det

 * kan kjøre på ordinær hydraulikk
 * kan kjøre på akkumulator (begrensa kap; ref SOLAS krav)
 * har nødlåringsfunksjon
 * kan kjørast frå manøverposisjon ombord
 * har låre-/nødlåringsfunksjon ført fram for operasjon frå MOB-båt

Første gongs igangkjøring og seinare periodisk kontroll/klassing er underlagt strenge krav frå SOLAS/Sjøfartsdirektoratet. Vi er normalt med ved første gongs kontroll og igangkjøring og seinares årskontrollar og 5-årlege hovedettersyn med wireskifing og testing (klasse).

Vi har over 20 års erfaring med konstruksjon og produksjon av MOB-båt kraner og davitar.
Utstyret har vist seg stabilt og tilnærma vedlikehaldsfritt.

Både davitar og kraner er typegodkjent av DnV.