Plassering.
Verksemda ligg ved sjøen i vakre omgivelsar i Mjosundet i Aure kommune – Møre og Romsdal.
Næraste nabo, og god kunde, er Sletta Verft AS. Rett sørom ligg gjestehamn/marina og pub.
Tilsaman utgjer industrimiljøet i Mjosundet rundt 100 industriarbeidsplassar.
Kommunen vår
Kommunesentret vårt, Aure, med overnatting, kjøpesenter og komplett barne- og ungdomskule, med kulturhus og topp idrettsanlegg ute og inne ligg ca 10 min unna.
Aure kommune har 100% barnehagedekning.
Natur og fritid
Kommunen er stor på areal og har rike muligheiter for friluftsliv både på sjø og land med fjordar, skjergard, fjell og skog.
Fleire aktive idrettslag, organisert barneidrett og preparerte skiløyper om vinteren reflekterer dette.
Prøv f.eks Aure IL eller Tustna IL.
Om andre former for organisert fritidsaktivitet freistar meir finst eit stort utvalg lag og organisasjonar innafor kultur og samfunnsnyttig arbeid. Heimesida til Aure kommune gir ein omfattande oversikt over lag og organisasjonar i kommunnen.
Reisetid med bil frå Kristiansund er vel 1 time, og frå Trondheim er vel 2 timar.
Reisetid til Kjørsvikbugen, med hurtigbåtforbindelse til Trondheim-Kristiansund, er ca 30 min.
Sett frå sjøen ligg vi like inn for Trondheimsleia. Ta av mot søraust ca ved Tyrhaug fyr, kryss Gjerdevika og gå vidare inn forbi Ånes, så finn du oss.
Næraste flyplass ligg i Kristiansund. Her finn ein og vidaregåande skular, fagskulen i Kr.sund med utdanning innafor helse og oppvekst, maritime fag og petr.teknologi, med undervass-teknologi som siste tilskott, samt høgskulesentret med bachelorutdanning innafor sjukepleie og pertr.logistikk. Her finn ein og Vestbase og eit nettverk av verksemder både for betjening av oljeverksemda i Nordsjøen og globalt. Nokre av desse er også MBH sine kundar og ei drivkraft for stadig produktutvikling.
I Nord-Aust ved Trondheimsleia har vi Tjeldbergodden, deretter Kyrksæterøra, Orkdal og så Trondheim og Værnes flyplass.
Tjeldbergodden ved Kjørsvikbugen er kjent for Statoils anlegg for metanolproduksjon av gass frå Nordsjøen. Metanolfabrikken og omkringliggande verksemder sysselset vel 100 personar.
Trondheim er kjent som Norges teknologihovedstad med NTNU og SINTEF og er byen med den kjente Nidarosdomen og fotball-laget Rosenborg, som er nesten like kjent.
Havbruk er ei viktig næring på Møre. Så også i Aure. Havbruksnæringa i stort har utvikla seg til å bli ein viktig kunde for MBH og ei drivkraft for utvikling av nye produkt; spesielt vinsjløysingar kor vi no leverer avanserte vinsjar med trekk-kraft på opp mot 100 tonn.
Jord- og skogbruk er også ei viktig næring i kommunen.
Spesielt er kommunen rik på skog og har ein av landets største hjortestammar. Mange leiger ut jaktrett.
Jord- og skogbruksnæringa utgjer ikkje noko kundegrunnlag for MBH.