MBH søkjer automasjonsingeniør

10. januar 2022

MB Hydraulikk AS leverer skreddarsydde produkt til all slags maritim verksamheit; seismic, subsea, forsvar, forskning, oppdretts/servicebåt, frakt og fiske.

Typiske produkt er ankerhandteringsutstyr, vinsjar, kraner og sidepropellar.

Vi held til i Aure kommune, men vil no opne elektro-/serviceavdeling i Trondheim

Til denne avdelinga søkjer vi:

Automasjonsingeniør

Arbeidsoppgåver vil kunne vere:

  • Utvikle og programmere kontrollsystem for utstyr som bedrifta produserer.
  • Prosjektering, dokumentering, bygging og testing.
  • Reiseoppdrag i form av oppstart, service og feilsøking.

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor eller teknisk fagskole innan automasjon/elektro, eller anna relevant utdanning og erfaring.
  • Erfaring med programmering av PLS og/eller Danfoss Plus+1.
  • Erfaring med Inventor, AutoCAD og/eller E3.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Gode evner til å samarbeide.

Vi kan tilby:

  • Ein utfordrande jobb i eit trivelig og godt arbeidsmiljø.
  • Varierte arbeidsoppgåver med gode muligheter for personlig og faglig utvikling.
  • Løn etter kvalifikasjon.

For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med Kjetil Ås tlf. ,71 64 77 40.

Send søknad med CV og kopi av attestar, vitnemål og eventuelle referansar til:

MB Hydraulikk AS,  Mjosundvg. 306, 6693 Mjosundet, eller direkte til kjetil@mbh.no

Snarast.