Vil du utvikle, teste og sette maritim teknologi i drift? Vi søkjer automasjonsteknikar eller ingeniør

MB Hydraulikk A/S leverer skreddersydde produkt til all slags maritim virksomhet. (Seismic, subsea, forsvar, forskning, oppdrett servicebåt, frakt og fiske.) Typiske produkt er ankerhandteringsutstyr, vinsjar, kraner og sidepropellar. 
No søkjer vi ein automasjonsingeniør eller automasjonsteknikar som vil vere med å utvikle og sette i drift neste generasjon kontrollsystem. Du vil følgje prosjekta frå idé og utvikling til oppstart og feilsøking hos kundar. 

Vi held til i Aure kommune, med elektro / serviceavdeling i Trondheim.  

Arbeidsoppgåver vil kunne vere:

  • Utvikling og programmering av kontrollsystem for utstyr som bedriften produserer.
  • Prosjektering, dokumentering, bygging og testing.
  • Reiseoppdrag i form av oppstart, service og feilsøking.

Vi trur du har:

  • Bachelor, teknisk fagskole innen automasjon/elektro eller annen relevant utdanning med riktig erfaring vil også bli vurdert.
  • Erfaring med programmering av PLS og/eller Danfoss Plus+1.
  • Erfaring med Inventor, AutoCAD og/eller E3.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • Gode evner til å samarbeide.

Hos oss får du:

  • Variert arbeid frå idé til ferdig løysing.
  • Stor påverknad på eigne prosjekt.
  • Eit sterkt fagmiljø med korte beslutningsvegar.
  • Mulighet til å arbeide frå Aure eller Trondheim.
  • Gode utviklingsmuligheter i eit selskap i vekst.

Karrieremuligheter

Hydraulikk er ein kjernekompetansane i MB Hydraulikk.
Vi ønskjer derfor å investere i personar som vil utvikle seg vidare saman med oss. Gjennom arbeid med prosjekt, produktutvikling og kundeløysingar får du mulighet til å byggje unik kompetanse.

Arbeidsstad: Aure. Etter opplæring kan Trondheim vere aktuelt som base.

Send søknad med CV og kopi av attestar, vitnemål og eventuelle referansar til:

Kjetil Ås
📧 kjetil@mbh.no
📞 41 62 26 40