Mesteparten av det utstyret vi leverer er på eitt eller anna vis kritisk for for båt og inntening.
Dette er noko vi tek alvorleg, og vi gjer vårt beste for å vere der når kundane våre treng det.
For å ivareta dette har vi eigne servicefolk.
Det aller meste av reiseverksemda er planlagte oppdrag i tilknytning til oppstart eller sevice, men normalt kan vi likevel stille på kort varsel dersom det skulle vere behov for det.
Servicefolka våre er høgt kvalifiserte medarbeidarar som også er involverte i produksjon og produktutvikling.
Dette er med og sikrar at vi stiller med personell som har inngåande kjennskap til dei produkta som skal ivaretakast.