Kabelsykkel

Kraftige, kostbare kablar som skal leggast ut for mange ti-års bruk må heile vegen frå henting på fabrikk til utlegging sikrast korrekt handtering i samsvar med kabelprodusenten sin krav til både minimum bøyeradius, max punktlaster og max lokal strekk med meir. Dette for å sikre at kabelen kjem uskadd på plass.

Etter at Seløy Undrvannsservice tidlegar hadde bestilt både sidepropellar og tractionvinsj-system frå oss fekk vi gleda av å utvikle vår første kabelsykkel.

Dette er i realiteten ei veldig stor kastblokk som blir hengt opp over kabel-karusellen på kabelleggingsfartyet og som kabelen går over på sin veg frå fabrikk og ned på karusell og seinare frå karausell og opp i utsettingarrangementet ut over hekk.

Det uvanlege er som nemnt dimensjonane og kompleksiteten:
* Yttermål ca 12 x 6 m.
* Radius kabelbane 5,2 m
* Masse støttehjul for kabel, fordelt på omkretsen
* 4 hydrauliske trekkeinheiter med samkjøring, fordelt på omkretsen
* 2×1 tonn pr trekkeinheit. Opning 50 – 350 mm
* 20 tonn max last inklusive kabelsykke
* Hydraulisk jibb for kabelstyring under legging

Materiale i heile konstruksjonen er sjølvsagt sjøvassbestandig aluminium.
Same  konstruksjon i stål ville truleg vorte for tung for krana.