Aluminium, og spesielt sjøvassbestandig aluminium er eit fantastisk materiale i maritimt miljø.
Brukt på riktig vis kan det gi kunden vesentleg økonomisk og praktisk gevinst.
Vekt.
Aluminium har berre 1/3 av eigavekta til stål.
Konstruksjonar i sjøvassbestandig aluminium kjem stort sett ut med i underkant av halv vekt i forhold til tilsvarande stålkonstruksjonar med same kapasitet. Da er det kompensert for ulikheiter i material-eigenskapane så konstruksjonane er like sterke.
Utstyr som vinsjar og kraner er ofte plassert høgt oppe i båten og har derfor sterk innverkning på stabiliteten. Dette må ofte kompenserast med ekstra ballast.
Den innsparinga på vekt som ein oppnår ved bruk av aluminium vil dermed kunne betale seg dobbelt i form av redusert båtvekt/auka lasteemne og redusert drivstoff-forbruk sidan ein også kan redusere ballastmengda.
Vedlikehald.
Materialet er korrosjonsbestandig og behovet for vedlikehald er generelt mykje mindre enn for stål.
Utstyr i sjøvassbestandig aluminium kan normalt stå ubehandla på dekk så lenge kobling mellom alu og andre metall er godt ivareteke og korroderande komponentar er beskytta.
Det har vi lang erfaring med. Lakkering av alu struktur er derfor vanlegvis eit estetisk valg.
Konklusjon: Låg vekt og lite vedlikehald gir reduserte kostnader for eigar/brukar.
Alu er vesentleg dyrare enn stål pr kg, men det går altså med berre havparten så mykje målt i kilo og bearbeidinga er mykje lettare. Dette jamnar ut prisforskjellen og saman med reduserte driftskostnader gjer dette at alu totalt sett blir billigare.
Aluminium og kulde. Medan stål kan bli sprøtt og sårbart i streng kulde, går aluminium den andre vegen og blir berre betre når temperaturen søkk. Konstruksjonar som skal operere under arktiske forhold bør derfor konstruerast i sjøvassbestandig aluminium dersom det skal kunne belastast fullt ut under alle temperaturforhold.
Estetikk. Ein konstruksjon i aluminium produserer ikkje rust og rustvatn som renn og skjemmer. Mange vektlegg det. Påmonterte komponentar i stål (gir, hydraulikk motorar et.c) må sjølvsagt beskyttast og velikehaldast på vanleg vis.
Spm: «Er alu da alltid best?»
Svar: «Nei, alu er mjukare enn stål så i detaljar som er utsett for mekanisk slitasje, så som styringar og slitekantar for wireføringar og liknande vil stål vere betre eigna. Glidelager alu mot alu er heller ikkje eigna. Og i grove konstruksjonar der vekt er uvesentleg og bearbeidingsgraden er låg (få timar pr kg) vil stålkonstruksjonen normalt vere billigare. Vi brukar andre materiale enn alu der det er betre eigna.
F.eks brukar vi stål i nokre av vinsjtromlane våre der vekt er uvesentleg og hard bruk med grovt utstyr og store punktlaster tilseier at aluminium blir i mjukaste laget.»
Generell er bruken av aluminium aukande; både på land og sjø og i lufta med. Dette gir ein stadig breiare aksept for materialet, er med og sikrar andrehandsverdien og har etter kvart gjort det lettare å velje materialet også for beslutningstakarar som ikkje sjølve sit med nødvendig detaljkunnskap.
MBH har no over 40 års erfaring og høg kompetanse på konstruksjon, produksjon og bruk av sjøvass-bestandig aluminium til skipsutstyr og i skrogproduksjon.
Den daverande leiinga forstod allereie tidleg på 1970-talet at aluminium var eit materiale for framtida og starta eit bevist arbeid for å opparbeide nødvendig kompetanse.
Første trebåt med DnV-godkjent alu dekk vart levert i 1975, første alu vinsj var levert i 1977 og første båt med skrog i sjøvassbestandig aluminium vart levert i 1979.
Aluminium stiller andre krav til konstruksjon og produksjon enn stål.
Vi reknar oss som spesialistar på dette.
Sjøvassbetstandig aluminium er fremdeles det viktigaste byggematerialet i utstyrsproduksjonen vår og vi er takksame for kor framsynt leiinga vår var for meir enn 40 år sidan da dei satsa denne vegen.
Det kan for eksempel også det norske Sjøforsvaret vere. I perioden 1990-1995 leverte vi alt hydrauliske dekksutstyr til dei nye mineryddingsfartya som da vart bygd i Mandal.
No, etter nærare 25 år er dette utstyret fremdeles i så god stand at Sjøforsvaret no, for ein brøkdel av prisen, vel å rehabilitere dette utstyret for nye 20 år i staden for å skifte det ut, og sparar store pengar på det.