Løfteutstyr

I nærare 50 år har det vore produsert løfteutstyr ved MBH sitt anlegg i Mjosundet.
I starten dreidde det seg mest om bom-/rigg arrangemet, lettbåtdavitar og trålgalgar.

Dei viktigaste kategoriane løfteutstyr no er
 * Kraner og bommar; knekkarm, rett bom, teleskop
 * Davitar
 * A-ramer

Verksemda var tidleg ute med å skaffe seg sakkyndig person klasse A (A-mann) og fordelene med bruk av sjøvassbestandig aluminium vart raskt tydlege også innafor dette marknadssegmentet.

Dei små, men avanserte, laste-lossekranene som vart levert til dei norske mineryddingsfartya i første halvdel av 90-talet blir no reneovert for nye 20-30 år.

Vil leverer no løfteutstyr i både stål og sjøvassbestandig aluminium, alt etter bruk og behov. Tidvis bruk av ekstern produksjonskapasitet favoriserer stål der vekt ikkje er viktig.

Alt utstyr blir levert komplett,  normalt med løftevinjar av eige fabrikat, og ferdig sertifisert etter behov.
Utstyr som ikkje dekkest av eigen A-mann, typisk personløft- og offshoreutstyr, blir sertifisert eksternt.
Vi ser på det som ein fordel. Det sikrar ein ekstra grad av objektivitet på det mest kristiske utstyret.
Vi leverer sjølvsagt med sertifikat etter alle aktuelle standardar og dei fleste anerkjente klasseselskap.