Vår første trommelbaserte ankervinsj i sjøvassbestandig aluminium, for anker-arrangement med wire og kjetting forløpar, vart levert med DnV klassesertifikat ombord i vårt bygg nr 115 «Jamo Junior» i 1985. Dvs at vi har over 30 års erfaring med konstruksjon, produksjon og testing av aankervinsjar i aluminium.
Alle våre ankervinsjar blir designa og testa opp mot gitte klassekrav.
Vinsjane er i utgangspunktet med fast trommel, men versjonar med ein eller to tromlar, nokke og frikobling av trommel/tromlar kan også leverast.
For reine kjettingarrangement kan vi også levere vinsjar med kabelardrift; både med og utan frikobling og nokke, eller med dobbel kabelar.
Vi kan no tilby DnV typegodkjente ankervinjar som samsvarar med DnV kjettingkrav i området 14K2 – 30K2. Også desse vinsjane kan leverast med nokke og frikobling som opsjon.
Ankervinsjar i andre størrelsar er også tilgjengelege, men da med særskilt klassing i det enkelte tilfellet.
Så langt har vi levert ankervinsjar med haldekraft på opp til 100 tonn.
Treng du ny ankervinsj? Gå direkte til kontaktinfo her.