Elektronikk og IT/data kompetanse blir stadig viktigare, også opp mot hydrauliske styringar.
Dei fleste hydraulikksystem kan med fordel styrast elektrisk. Kompetanse på dette er viktig.
Vi designar og bygger våre eigne styrepanel med tilhøyrande elektronikk og logikkstyringar når tilgjengelege standardløysingar ikkje er tilfredsstillande.
Den faglege kompetansen blir ivareteke av både yngre og eldre krefter. Vi kan levere både digitale og analoge løysingar, og vedlikehalde slike.
Overlappande kompetanse mellom elektronikk og hydraulikk er også veldig viktig; ofte ein nøkkel til suksess som har sett oss i stand til å lage avanserte produkt som det det kompakte launch and recovery systemet (LARS – for miniubåt) vi laga for ei tid tilbake, eller det nye, kompakte Fuel&Lube systemet med fleire elektrisk drivne kabelvinsjar for etterfylling av chase-farty med drivstoff og olje i open sjø.