Vår mest avanserte sidepropell-variant er den kontraroterande.
Effekt opp til 330 HK.
Ideen med kontraroterande propellar er at rotasjonsenergien frå den eine propellen blir gjenvunne i den neste slik at vatnet i sum blir tilført mest mulig aksielt retta, nyttig energi som blir omsett i skuvkraft.
Og det hydrauliske arrangementet sikrar automatisk at dei to propellane tilpassar seg kvarandre perfekt.
Propellen er like enkel å montere som våre enkle variantar, men både byggelengde og pris er relativt sett høgre.
Gevinsten er at skuvkrafta overgår det meste med same effekt (HK) og diameter.
Du kan sjå bilete av dette her kor vi har brukt kontraroterande sidepropellar i eit hengsla dobbeltarrangement.