Vi har ein eigen hall på ca 400 m2 som primært blir brukt til montering av vinsjar og kraner.
Hallen er utrusta med 2 stk traverskraner, begge på 5 tonn. Om nødvendig kan dei utføre samløft.
Dyktige operatørar med lang erfaring sikrar sikker montering og funksjon.
All montering som ikkje må skje på sveiseplan blir utført på løftebord for best mulig arbeidesstilling for den enkelte.
Samlokalisering med hydraulikkavdelinga gjer at overgangen frå mekanisk montering til endeleg utrustning med røyr, ventilar og evt elektronikk går veldig greitt.