Vi har eigne servicemedarbeidarar som kan kome og vere med på oppstart av alt utstyr vi leverer. Desse kan også vere med å kontrollere installasjon.
Vi stiller i utgangspunktet opp kvar som helst så lenge den peronlege sikkerheita og ein rimeleg grad av komfort er ivareteke, og vi må stille krav om at kunden har kontaktpersonar som beherskar enten engelsk, norsk, svensk eller dansk.
Oppstart og evt installasjonskontroll må i utgangspunktet avtalast som tilleggsleveranse.
Ved større systemleveransar har vi likevel i aukande grad gått over til å ta dette inn som ein naturleg del av den verkstedrabatten vi yter. I slike tilfelle stiller vi gratis opp for installasjonskontroll og igangkjøring på kunden sitt verksted.