I praksis er dette hovedvinsjar for den nye klassen servicebåtar for oppdrettsnæringa.
Servicebåten er i stadig utvikling. For MBH er det eit viktig delmål at vi kontinuerlig skal bidra til utviklinga av framtidas vinsjar og dekksutstyr for denne viktige næringa. Nye nasjonale sikkerheitskrav til desse båtane stiller også nye krav til utstyret. MBH ligg med sine vinsjar og styresystem i framkant av denne utviklinga.
Utviklinga starta for over 25 år sidan; dei første vinsjane for oppdrettsbåt var i utgangspunktet ein forenkla ankervinsj med ekstra trekk-kraft; 7 tonn, seinare 12 t, 15 t osv. Vi sel enno av desse, da hovedsakleg som hjelpevinsjar, og elles som vinsjar til mindre båtar.
Nytt grunndesign:
For ca 3 år sidan utvikla vi eit nytt grunndesign for vinsjar over 40 tonn. Dette har vore så vellykka at våre vinsjar 40-100 tonn fremdeles bygger på dette.
Den typiske servicebåt-vinsjen har no mellom 20 og 80 tonn i max trekk-kraft og stor trommelkapasitet. Merk at med dei nye nasjonale reglane for servicebåtar og ankerhandtering er skiljet mellom varpvinsjar og slepevinsjar i ferd med å bli viska ut.
2-speed:
Frå 40 tonn og oppover blir vinsjane våre vanlegvis levert med ei 2-speed hydraulisk giring som gjer at ein kan ha høg kraft og moderat fart eller høg fart og redusert kraft. Farten kan uansett regulerast frå null og oppover.
Dobbeltvinsjar:
Komplekse operasjonar på arbeidsdekk har ført til utviklinga av dobbeltvinsjen kor ein mindre vinsj blir montert oppå hovedvinsjen. Typisk 40+15, 60+20 eller 80+30 tonn. Slike vinsjar blir normalt montert mot bakskott i overbygg/styrhus, ofte med integrert slepekrok og strekkmåling mot programmerbart display.
Slepekrok:
Ved behov for slepekrok kan ein monteringsbjelke integrerast i fundamentet. Dette er ei praktisk løysing som i tillegg gir slepekraft på display når vinsjen er utrusta med strekkmåling på vegeceller.
Elektronisk styring og strekkmåling:
Ny programmerbar, elektronisk vinsjstyring med berøringsskjerm kombinert med lengdemåling og strekkmåling på vegeceller gjer det mulig å halde full oversikt over arbeids-operasjonane. Operatøren skriv inn taugdimensjonane,- lengde og diameter samt oppgjeve bruddstyrke, og systemet sørgjer for automatisk kontroll av hivekrafta slik at tauget alltid har minst 2,5 x sikkerheit intakt, i samsvar med gjeldande regelverk.
Vi er stolte av at kundelista for desse produkta omfattar dei fleste større oppdrettsfirma, serviceselskap og alle vesentlege norske produsentar av skipstypen.
Har du behov for å diskutere vinsjar og utstyr for ny servicebåt. Gå direkte til kontaktinfo her.