Vi har eit samla produksjonsareal under tak på i alt ca 2400 m2.
Dette fordeler seg på fleire ulike areal for plate/sveis & montering, maskinering, hydraulikk&røyrlegging, eigen lakkboks og snikkarverksted.
I tillegg har vi utearel for varemottak og parkering, testområde, to relativt små slipar (lite brukt no) og to mindre kaier kor vi kan ta imot båtar på inntil 120 fot.
Området er godt skjerma for ver og vind. Slik sett er det ei veldig god hamn.
Vi har sosiale rom og garderobekapasitet for inntil 60 personar. For tida er vi ca 40 tilsette.