31.Des. 2014/April 2015
Etter at vi for eit par år sidan fekk gleda over å utvikle kabelsykkel for Seløy (meir under ‘Spesialprodukt’) fekk MBH på årets siste dag i 2014 gleda over 2 nye store kontraktar med med Seløy til ein samla verdi av tett på 9mill.
Den eine kontrakten var på ein komplett pakke for utrusting av Nautilus Maxi med til saman 1200hk auka thrusterdrift gjennom to nedsenkbare poddar på 600 HK kvar basert på våre kontraroterande sidepropellar. Leveransane omfatta også levering av 2 stk Nogva Cummins motorar med komplette hydraulikkpakkar for drift av sidepropellane.
Anlegget vart installert i løpet av Påska ved Slipen i Sandnessjøen, og er no i full drift.
Vi takkar for oppdraget!
Det andre anlegget var til Nautilus Aldra. Her fekk vi også levere kontraroterande sidepropellar på 2 x 300hk og Nogva Cummins med hydraulikkpakke for drift av sidepropellar.
I tillegg leverte vi ein komlett pakke av dekksvinsjar med
1 stk 40tonner
2 stk 15 tonner og
2 stk 8tons åttetalsnokke arrangement med etterhalarar.
Vidare leverte vi
1 stk A-davit for MOB-båt og
1 stk HPU på 3 x 60kW til drift av dekksutstyret.
Vi takkar for oppdraget og ønskjer Seløy lykke til vidare!