Vi opplevde godt besøk av både gamle og potensielt ny kundar. Optimismen i næringa er stor, det er mange prosjekt på gang, mykje å diskutere og mykje å følgje opp etter messa. God messe.
På utstilling hadde vi ein 5 tonns capstan, ein ankervinsj 1-AV-24K2 for Sletta Verft og ein 40 t servicevinsj for Folla Maritime.
Særlig stor interesse vekte servicevinsjen. Denne er del av vårt relativt nyutvikla 40-100 tonns, 2-speed konsept med direkte kraftavlesning på bru, frislepp i samsvar med nye myndigheitskrav og muligheit for innmontering av slepekrok direkte mot vinsjrame slik at også denne blir med på kraftavlesninga.
Også leverandørar, så vel som gode konkurrentar, fann vegen innom.
Og nede på hamna låg fleire nye båtar med mykje fint MBH-utstyr om bord:
MBH 80+ 20 t vinsj med slepekrok og typegodkjent ankervinsj ombord i Vaaglands bygg “Multi Safety”.
MBH 5-tonns capstan og instrumentpanel for HPU og vinsjar ombord i Moen Marines/Tehnomonts bygg “Marøy Viking”.